logo
 Charterdato 29. oktober 1984  Tirsdag 17. juli  2018 
INFORMASJON
 » Nyheter
 » Lenker
LIONS
 » Om Riska Lions
 » Lions Norge
 » Eruba-prosjektet
 » Tulipanaksjonen
 » Røde Fjær
 » Juleutlodning
 » Fureneset aktivitetssenter
 » Lions etiske norm
RISKADAGENE
 » Riskadagene 2018
 » Riskadagene 2017
 » Riskadagene 2016
 » Riskadagene 2015
 » Riskadagene 2014
 » Riskadagene 2013
 » Riskadagene 2012
 » Riskadagene 2011
 » Riskadagene 2010
 » Riskadagene 2009
 » Riskadagene 2008
 » Riskadagene 2007
 » Riskadagene 2006
 » Riskadagene 2005
 » Riskadagene 2004
 » Riskadagene 2003
 » Tidligere arrangement
 » Presseomtaler
TETTSTEDET HOMMERSÅK
 » Generell informasjon
 » Historikk
 » Verdt å se
 » Turforslag
 TETTSTEDET HOMMERSÅK: Historikk
Søndag 12.08.07
Barbro var ei godt menneske


Barbro Vanvik fotografert i 1988.

Maudlandsgården.
Gudveig Bergly og Solveig Paulsen hadde sin første skuledag i 1940. Mora Barbro hadde snakka med læraren, Hans Kjønaas. Spørsmålet var om Gudveig kunne venta eit år med skulestart. Svaret var ja, sjølvsagt, det var så lang veg til Maudlandsgarden, ein heil time å gå for ungane. Slik gjekk det til at søstrene Gudveig og Solveig gjekk saman alle åra i det skulehuset som nå er fjerna.

Bare ein gong har eg prata med Hans. Han var då like gammal som eg er nå. Hans var lærar på Ombo og eg var vikarlærar i Vormedalen. Det var Hans som tok kontakt. Men eg visste godt at Hans under krigen var fylkesførar for Norges lærarsamband (nazistisk), og at han etter krigen blei dømd, og måtte slutta som lærar og klokkar i Riska. Frå kontoret i den gamle skulen hadde han stor makt i krigsåra. Han var lokal førar.

I skulekjellaren var det tyske soldatar. Ein av desse heitte Hans. Gudveig kan ikkje gløyma Hans. Han fortalde om sine barn. Det han såg fram til, var at krigen var slutt, og at han fekk reisa heim. Gudveig hugsa at soldatane ofte sa til ungane: Ver ikkje redde. Sjølv fekk eg drops av ein soldat ein gong.

Eg har vore ung og har blitt gammal. I alle desse åra, frå ungdom til alderdom, har eg streva med å forstå, både lærar Hans og soldat Hans. Hat er gjerne eit for sterkt ord, men fordømming og lite innlevingsevne har eg hatt. Det som Gudveig fortalde om tyske soldatar, og det ho fortalde om læraren, har gjort at isen har smelta. Eg har forandra syn.

Det nye standpunkt har vakse fram gradvis. Både Gudveig og mange andre har fortald at Hans var ein flink lærar. Han trekte ikkje fram sine politiske meiningar i skulen. Halvbror til Gudveig, Johannes, var med på arrestasjon av personar maidagane 1945, men ville ikkje vera med på å arrestera læraren. Heime på Lauvås blei det ikkje snakka om krigen, men i seinare år har eg høyrt ein god del. Gustav Hetland har fortald om korleis Hans kontrollerte kornmengda på Hetland. Han møtte opp ved tresking. Gjekk inn til Margit og hadde kaffe. Så fekk mannfolka gøyma unda ein del av kornet før kontrollen. På Maudland slapp dei levera varer, for her var det så mange ungar. Tyskarane rekvirerte hestar, og Hans hadde arbeid med dette. Men Kåre Eltervåg sa at deira hest slapp unna. Dei hadde hesten ute, og Hans godtok at hesten var så vill, at det ikkje var råd å fanga han. Hans var "førar" for det meste. Han var leiar for "menighetsrådet" også, oppnemnd ettar førarprinsippet. Av protokollen går det fram at far min var oppnemnd som medlem. For mange av krigsåra var "menighetsrådet" ute av funksjon.

Oppgjeret etter krigen var, etter mi vurdering, både nødvendig og rett. Men lenge nok, altfor lenge, har eg vore fange av ei kollektiv fordømming av tyske soldatar. Dei var menneske og offer for eit regime av djevelskap. Dei nordmenn som kom på galne sida under krigen, var det ikkje lett å tilgje i etterkrigstid. Det er lett å tenkja svart-kvitt. Men i ettertid så ser eg at det var mange andre og som var "mitschuldig".

I Stølsvig hadde dei radio. Mange samla seg der for å høyra nyheter frå London. Men ein dag blei huset omringa, og fleire hamna på Grini. Uforsiktig tale eller tips førde til aksjon. Mange skravla under krigen, som dei før hadde gjort. Kåre Eltervåg sa at det var forunderleg kor lite forsiktig folk var. Han var eingong meld for å ha vore med på dans på Lauvåskrossen, og dette var forbudt under krigen. Kåre vart innkalt til Stavanger, og ein stavangerborgar (norsk) sat framfor han og ville få fram tilståing. For å markera si makt så sat han med ein revolver i handa. Kåre nekta. Han hadde ikkje vore med på dansen.

Dei hadde radio i fjøset heime hos Kåre, seinare i gjødselkjellaren. Radioen måtte reparerast, og dette tok ein bymann seg av. Stor var forundringa etter krigen, for det viste seg at N.N. var medlem i partiet. Det var ikkje alltid partimedlemmer var farlege. Alle meiner nok i dag at det var simpelt å melda nokon til tysk/nazistisk styresmakt. Dei som blei arresterte og dei som fall under krigen, er våre krigsheltar. Men dei største krigsheltane var kanskje dei som risikerte livet med å hjelpa rømlingar. Barbro og dei vaksne sønnene visste om nokon som var i løa om natta. Børre Mærland og Einar Ingebrethsen risikerte dødsstraff ved å hjelpa den dødsdømde polakken Leo. Eg har aldri høyrt at ordet krigshelt har blitt nemnd i den samanheng.

26.mai arrangerte helselaget frihetsfest i Riska. Stor tilslutning, alle kom ikkje inn i ungdomshuset. Lærar Anna Sjo Frøyland fortalde om dei 5 tunge åra. Sokneprest Blindheim fekk blomster for rakrygga og nasjonal holdning i krigsåra. Blindheim fortalde om fangetida på Grini og Berg. Han minna om at nå måtte me leva som kristne kulturmenneske og ikkje finna glede i hemnen, men la brorskapsånd rå. Etterpå hadde Marta Endal ein tale om den innsats kvinnene hadde gjort i det stille i krigsåra.

Livet er ikkje like lett for alle. Nyttårskvelden 1945 kom Ole Berge (møllarmeisteren) til Maudland med radio. Dei måtte få høyra radio også der i huset, når det nye året kom. Og slik fekk Barbro radio. Svigersonen, Arne Bergly, har sagt meg at Barbro høyrde du aldri klaga. I 25 år budde ho på Maudland. Hit kom ho i 1937 saman med Hjalmar Vanvik og 5 barn. Det var Ola og Johannes Fatnes fra første ekteskap og Gudveig, Solveig og Henry. Ja, Barbro hadde opplevd å bli enka etter at mannen omkom ved arbeidsulykke. Ho var då gravid, og gutten ho fekk, mista ho 5 år seinare. I 1938 døde Hjalmar, og nå var ho enka igjen. Og ein kveld i 1952 kom Knut Eikeland og Einar Årrestad til Maudland. Det var ein tung veg til den høgste og mest avsides garden i Riska. Johannes var død. Han omkom i ei arbeidsulykke i Lyse.

Gudveig fortel at Johannes alltid hadde omsorg for at mora ikkje måtte mangla noko. Du veit kor du kan finna pengar, sa han. Barbro hadde ein lang arbeidsdag på Maudland. I brislingsesongen, altså om sommaren, var ho på kaien kl. 6 for å ta Riskafjord til byen, for å arbeida i hermetikken. Etter at Johannes var død, flytta Barbro med familie ned til ei hytte i Frøylandsbakken, dengong bare 37 kvadratmeter stor. I 1989 var jordelivet slutt for Barbro, 93 år gammal.

Jo, Gudveig hugsar godt husransaking på Maudland, tyske soldatar på leiting etter folk, og der borna måtte stå på kjøkkenet. Ho hugsar kanonar på hjul utanfor skulen. Flokkar med soldatar på utmarsj. Men mest hugsar ho mora og den omsorg ho viste for sine. Eg kjende ikkje Barbro, men når eg høyrer om henne, så er det ein salme av Matias Orheim som tonar for meg:
"Kvardagskristen vil eg vera, Syn for segn det krev Guds ord. Samklang mellom liv og læra, Det er himmelsong på jord. Som den djupe fjord kan greia Spegla himmel høg og blå, Skal ein kvardagskristen spreia Festglans kring det kvardagsgrå."

Av Enok Lauvås
Hentet fra menighetsbladet "Kontakt", Riska menighet

SØK

GOD SOMMER

Riska Lions Club vil gjerne ønske alle en riktig god sommer!
RISKADAGENE 2018
Riskadagene 2018 arrangeres helgen 1. til 3. juni.

LES MER
VELKOMMEN TIL WWW.RISKALIONS.NO

Lions Club Sandnes / Riska er nå på nett. Vårt mål med disse internettsidene er å gi informasjon om klubben og om bygda. Vi har laget en egen lenkeside med mer enn 200 lokale lenker, og vi tilbyr historikk og generell informasjon om Hommersåk. Har du spørsmål eller kommentarer, send en mail til webmaster.
RISKA LIONS CLUB
Riska Lions Club
Postboks 28
4395 HOMMERSÅK

Telefon 48 28 08 99
E-post: webmaster@riskalions.no

Charterdato: 29.10.1984
Klubbhus: Klokkarlåven, Stemmen
UTLEIE AV LIONSHUSET

Den gamle Klokkarlåven like ved Stemmen disponeres av Riska Lions. Huset er tilgjengelig for utleie. Bestill online.

ONLINE BOOKING AV KLOKKARLÅVEN
SITATET

Copyright 2013 © Lions Club Sandnes / Riska
  Utviklet av iServ AS / 
Commentum Forlag AS