logo
 Charterdato 29. oktober 1984  Lørdag 17. november  2018 
INFORMASJON
 » Nyheter
 » Lenker
LIONS
 » Om Riska Lions
 » Lions Norge
 » Eruba-prosjektet
 » Tulipanaksjonen
 » Røde Fjær
 » Juleutlodning
 » Fureneset aktivitetssenter
 » Lions etiske norm
RISKADAGENE
 » Riskadagene 2018
 » Riskadagene 2017
 » Riskadagene 2016
 » Riskadagene 2015
 » Riskadagene 2014
 » Riskadagene 2013
 » Riskadagene 2012
 » Riskadagene 2011
 » Riskadagene 2010
 » Riskadagene 2009
 » Riskadagene 2008
 » Riskadagene 2007
 » Riskadagene 2006
 » Riskadagene 2005
 » Riskadagene 2004
 » Riskadagene 2003
 » Tidligere arrangement
 » Presseomtaler
TETTSTEDET HOMMERSÅK
 » Generell informasjon
 » Historikk
 » Verdt å se
 » Turforslag
 TETTSTEDET HOMMERSÅK: Historikk
Mandag 03.07.06
Ulukka med kverna


Gitle Hogstad mol og turka korn i 1925. Han var aleine då trøya hans kom borti tannhjula. Han hadde ikkje krefter til å riva seg laus, og han fekk heller ikkje stoppa vasshjulet.
Alle kjenner til at det fra gammal tid var kverndrift i Frøylandsånå. Men det var kverndrift i andre bekker og. Fra Fjogstadvatnet er eit bekkefar med restar etter kvernhusdrift. Til den siste Hogstadkverna knytter det seg ein tragedie.

Gitle Hogstad mol og turka korn i 1925. Han var aleine då trøya hans kom borti tannhjula. Han hadde ikkje krefter til å riva seg laus, og han fekk heller ikkje stoppa vasshjulet. Det blei oppdaga fra vegen at noko var gale. Men Gitle var så ille medfaren at det førte til døden.

I mai hadde eg ein samtale med Karla Jensen. Karla bur i barndomsheimen sentralt på Hommersåk. Eit lite raudmala hus nær butikk, apotek og legesenter, men altså på andre sida av vegen. Her har ho stor hage. Det var her Olav G. Hogstad (d. 1974) og Anna (d. 1958) budde. Det var ein hyggeleg samtale, sjølv om det også blei prata om gråt og tårer. I Forkynnaren 3,1 står det: "Alt har si tid, og ei tid er det sett for alt det som hender under himmelen." Det er også "ei tid til å gråta", som det står i vers 3.

Gitle var farfar til Karla. Farmora sat igjen med ein stor ungeflokk og gjeld. Det var lite hjelp å få. Garden blei seld. Onkel Kristian "hamna på Dale". Han var 16 år då faren døde. Dei kom og tok hesten, og det skal ha vore så vondt for Kristian at han ikkje blei seg sjølv etterpå. Ordet "krisehjelp" var ukjend!

Far til Karla vart kalla "bøkkeren". Han var bøkker. Det var bøkkerverkstad nede i Vågen. Men tidleg i 1920-åra var det slutt med å laga tønner i bygda. Så Karla kjenner faren som vegarbeidar og møllearbeidar. Men namnet "bøkker" var så sterkt knytta til faren at mora blei kalla "bøkkerkjeringå" eller også Anna "bøkker".

Det er mange som har eit fint minne om Anna. I ca. 20 år så var det Anna som pynta i kyrkja til bryllup og til begravelse. Bygdefolk visste at ho gjorde dette så fint. Om sommaren henta ho blomster fra hagen. Om vinteren laga ho blomster av krepp-papir. Det var tulipaner og påskeliljer, både utsprungne og i knopp. Papirblomstene blei dyppa i voks. Dei såg så levande ut at mange gjekk borttil for å sjå om dei var ekte. Karla har vore med på dette arbeidet til mora.

Ved juletid i 1937 kom tragedien til familien. Karla var 3 år. Bror til Karla var 2 år. Han velta over seg ei gryta med kokande vatn. Karla hugsar det store juletreet på sjukehuset og all gråten, men forstod lite av alt dette. For Karla såg bare at broren "sov".

I åra seinare var juletida ei mørk tid. Ho hugsar at mora ikkje såg fram til jul. Faren var alltid deprimert framfor kvar jul. Det er sant som det heiter i sangen: "På jorden ei lever så salig en sjel At lykken ei kan skifte fra morgen til kveld" (Sangboken 836, vers 4).

På ein frisørsalong kan det bli ført mange slags samtalar. For fleire år sidan var eg innom Charles Olsen. Me kom i prat om liv og død. Han fortalde om den gamle kyrkjetenaren Etalius Frøiland (d. 1947). Det var ein gild mann. Charles "fekk sitta på lasset" når Etalius var ute med hesten. Som 10-åring gjekk Charles forbi kyrkja ein dag på nyåret 1938. Kom inn, ropa Etalius fra kyrkjetrappa. Innanfor såg Charles ein liten gutt som lår i ei kista. Det var bror til Karla. Han var så fin! Han døde nyttårsafta, men hadde ingen skade i ansiktet. Det såg ut som han sov. Sjå så fin han er, sa Etalius.

Av Enok Lauvås
Sakset fra "Kontakt" - menighetsblad for Riska og Høle nr 2 - 2006

SØK

RISKADAGENE 2019
Riskadagene 2019 arrangeres helgen 31. mai til 2. juni.

LES MER
VELKOMMEN TIL WWW.RISKALIONS.NO

Lions Club Sandnes / Riska er nå på nett. Vårt mål med disse internettsidene er å gi informasjon om klubben og om bygda. Vi har laget en egen lenkeside med mer enn 200 lokale lenker, og vi tilbyr historikk og generell informasjon om Hommersåk. Har du spørsmål eller kommentarer, send en mail til webmaster.
RISKA LIONS CLUB
Riska Lions Club
Postboks 28
4395 HOMMERSÅK

Telefon 48 28 08 99
E-post: webmaster@riskalions.no

Charterdato: 29.10.1984
Klubbhus: Klokkarlåven, Stemmen
UTLEIE AV LIONSHUSET

Den gamle Klokkarlåven like ved Stemmen disponeres av Riska Lions. Huset er tilgjengelig for utleie. Bestill online.

ONLINE BOOKING AV KLOKKARLÅVEN
SITATET

Copyright 2013 © Lions Club Sandnes / Riska
  Utviklet av iServ AS / 
Commentum Forlag AS